Now hiring

Sjukepleiar - fast stilling på natt x 2 @ INDRE HARAM HEIMETENESTE

Norway (NO0A3)OnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Haram kommune søker etter to sjukepleiarar i 62,5% fast stilling, for tida ved Indre Haram heimeteneste, i Tennfjord. Stillinga har for tida arbeid i turnus på natt, med arbeid kvar 3. helg. Indre Haram heimeteneste har på natt eit tett samarbeid med Eidet Omsorgssenter og dei to avdelingane der. Vi er open for nye arbeidsmetodar og turnusløysingar som gagnar både bebuarane og dei tilsette. Vi ønsker å oppretthalde gode arbeidsmiljø, og skape ein god heim for bebuarane våre. Vi har fokus på gode måltid produsert på huset. Vi har tilgang til flotte uteområde med mykje sol. Her nyt vi utsikt utover fjord og fjell, frå eit fint og moderne bygg. Eidet Omsorgssenter ligg sentralt til, ca 20 min med bil frå Moa. Eidet Omsorgssenter er organisert under Haram omsorgstenester, som består av Eidet- og Haram omsorgssenter, Ytre-, Indre- og Nordøyane heimetenstedistrikt og tre dagsenter for eldre. Vi er opptekne av å skape eit godt arbeidsmiljø, der vi legg til rette for at dei tilsette har gode arbeidsvilkår og at brukarane mottek gode tenester. Kommunalområde Helse og omsorg består av Haram omsorgstenester og Haram butenester. Vi har ansvar for brukarar i alle aldrar, med mange ulike behov. For oss er det viktig å gi gode, målretta tenester, slik at den einskilde mottek den hjelpa ein treng til rett tid og på rett nivå i tenestetilbodet vårt. Den viktigaste ressursen vår er dei tilsette og vi ønsker å vere ein arbeidsplass der ein opplever trivsel, utvikling og meistrar oppgåvene ein er sett til å gjere. Vi veit at framtida vil krevje nye arbeidsformer i kommunalområdet, noko vi arbeider aktivt med å sette oss i stand til å møte på ein god måte. I Haram kommune er vi opptekne av gode, heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode. Arbeidsoppgåver Helsefaglege oppgåver. Omsorg og oppfølging av sjukeheimspasientane. Tverrfagleg samarbeid med andre yrkesgrupper. Ivareta dokumentasjonsplikta og ha fokus på fagutvikling. Rettleiing og opplæring av medarbeidarar og studentar/elevar. Bidra til godt samarbeid mellom brukarar og pårørande. Kvalifikasjonar Autorisasjon som sjukepleiar. Høg fagleg interesse og interesse for fagutvikling. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt. Gode norskferdigheiter munnleg og skriftleg. Krav om politiattest som ikkje er eldre enn 3 mnd. Personlege eigenskapar I Haram kommune ønsker vi tilsette som er samfunnsengasjerte og innovative, og som bidreg til eit godt arbeidsmiljø både fagleg og kollegialt. Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Godt humør og positiv framtoning. Lojalitet mot arbeidsplass og kollegaer Eigenskapar til å bidra til eit godt omdømme. Vi tilbyr Tverrfagleg samarbeid. Spanande fagmiljø med mange varierte arbeidsoppgåver. Fokus på velferdsteknologi og alternative måtar å jobbe på. Gode turnustekniske løysingar. Løn etter tariff. Gode pensjons- og forsikringsordningar. Kontaktinformasjon Camilla Walderhaug Lundberg, Konstituert avdelingsleiar, HT, 47516769, [email protected] Malin Vatnehagen Stokke, Avdelingsleiar, avd. 2, 45500844, [email protected] Maria Nordbø Solevåg, Avdeligsleiar, avd. 1, 91004986, [email protected] Maria Elizabeth Marthinussen, Tenesteleiar, 94051001, [email protected] Arbeidsstad Trolldalssletta 12 6264 Tennfjord Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Haram kommune Referansenr.: 5149373377 Stillingsprosent: 62,56% Fast Startdato: 01.09.2026 Søknadsfrist: 27.07.2026 Om arbeidsgiveren: Haram kommune har om lag 9400 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre. Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen. Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid. Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen. Bur du i Haram kommune og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt per år. Les meir om ordninga her: Sletting av gjeld i utvalgte kommuner Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores