About this role
Erfjord skule er ein 1. – 7. skule med om lag 75 elevar. Skuleåret 2026 – 2027 består laget vårt av om lag 8 årsverk lærarstillingar, 4 årsverk fagarbeidarstillingar, og 1,3 årsverk leiing. Om stillinga: Suldal kommune Helse & Oppvekst,fortida lokasjon Erfjord skule søkjer etter vikar i 80% stilling med oppstart så snart som mogleg. Stillinga er knytt til eitt team kring enkeltbarn. Som fagleiar i teamet, vil ditt arbeid vera å koordinera, rettleia og følgja opp medarbeidarar i teamet. Du vil i samarbeid med rektor ha hovudansvar for kommunikasjon med heimen og støtteinstansar kring enkeltelev. Som teamleiar vil du jobba administrativt deler av tida, men i det ordinære og på dagleg basis også vere del av opplæringsmiljøet. Arbeidet ditt som team-leiar vil blant anna bestå av følgjande: Samarbeids-møter med leiinga. Rapportere oppover og iverksette vedtak nedover. Ha hovudansvar for kommunikasjon med heim og støtte-instansar kring eleven, i samarbeid med rektor. Utarbeide tiltak, rutinar og instruksjonar til bruk i dagleg drift Ha ansvaret for å planlegge og lede felles statusmøter med leiing, støtte-instansar og andre deltakarar i laget rundt barnet Ha ansvar for å planlegge og lede jamnlege utviklingsmøter i teamet. Fokus på felles kompetanseheving, å bygge laget og utvikle felles praksis. Modellere og instruere teamet om praktisk handtering i elevmiljø Informere ut, kurse og rettleie øvrig personalgruppe og føresettgrupper etter behov Kvalifikasjonar 3-årig bachelor innan helse – og sosialfaglege yrker eller pedagogikk, som t.d. offentleg godkjend barnevernspedagog, vernepleiar, sjukepleiar eller lærar. Tilleggsutdanning på høgskulenivå innanfor eitt eller fleire felt som t.d. førebygging og handtering av atferd, barne- og ungdomspsykiatri, sosial-pedagogikk eller spesialpedagogikk Det er også eit føremon om du har leiarerfaring. Personlege eigenskapar: Du har handlingskompetanse, og har evne til å ta avgjernadar og skapa endringar Du er god på relasjonsbygging Du er ein trygg og stabil vaksen Du har gode kommunikasjonsevner Du er tydeleg og varm i møte med barn og vaksne Du har eit positivt menneskesyn I tillegg ynskjer me at du har førarkort klasse B (vanleg sertifikat) Hjå oss i Suldal kommune får du: Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø Engasjerte og dyktige kollegaer Pensjons- og forsikringsordningar etter tariffavtale Bedriftshelseteneste Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk Nynorsk som administrasjonsspråk Høve til innmelding i lokalt kunstlag for fast tilsette Andre opplysningar: Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved oppstart. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa Kommunen følgjer offentlegheitslova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarliste Slik søkjer du Me ber om at du søkjer elektronisk. Klikk på «Send søknad» og følg vidare instruksjonar. Du kan logge inn via ID- porten, med brukarnamn og passord, via Facebook- profil eller søkje utan å logge inn. Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Me ber om at du legg ved attestar og vitnemål i søknaden. Om du ikkje har dei elektronisk kan dei takast med til intervju. Velkommen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg! Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Velkommen til Skattkammeret Suldal - Rogalands største kommune i areal, og eit levande samfunn rik på naturressursar og kreativ kraft. Me er stolte av å være ein nyskapande arbeidsgjevar. Me omfamnar LEAN-prinsippa for å skapa makalause tenester, og søkjer alltid etter dedikerte medarbeidarar som ønskjer å bli med på reisa vår. Om du søkjer ein meiningsfull karriere, samtidig som du ønskjer eit balansert og aktivt kvardagsliv, er Suldal plassen for deg. Det rike kulturlivet i Suldal gir liv til samfunnet, både i grendene og på vårt aktive kulturhus på Sand. Her ligg også sentralidrettsanlegget med idrettshall, sandhall og Suldal bad. Hos oss finn du dei høgaste toppane i Rogaland, langstrakte vidder, idylliske grender tett på fjorden og 70 km med merka skiløyper i vintersesongen. Utforsk våre ledige stillingar og bli ein del av laget vårt. Velkommen til Suldal kommune – eksotisk, aktiv og trygg!