About this role
Om stillinga Vil du bidra til å hindre og førebyggje alvorleg kriminalitet? Er du analytisk og liker å jobbe strukturert og systematisk? Vi søkjer deg som ønskjer å bidra til førebygging av vald i nære relasjonar for driftseining Sunnmøre i Møre og Romsdal politidistrikt. Stillinga som førebyggjande risikoanalytikar (FRA) er stadsplassert på Ålesund politistasjon hos avsnitt for etterretning og førebygging. Som førebyggjande risikoanalytikar hos oss vil du inngå i eit avsnitt som består av tilsette med fleire ulike roller innan førebygging og etterretning. Vi har i dag eit positivt, engasjert og inkluderande fagmiljø med fokus på kvalitet i arbeidet som blir utført. Samarbeid, læring og utvikling står sterkt i miljøet og dette skal førast vidare og forsterkast. Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng. Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar Vi ser etter deg som er motivert til å arbeide med risikovurderingar i saker med vald i nære relasjonar og æresrelatert vald. Du meistrer å jobbe analytisk og systematisk med tidsfristar i krevjande saker der du tek avgjerder effektivt, både sjølvstendig og i samarbeid med interne og eksterne aktørar. Etter risikovurderingane er gjennomførte vil det også bli behov for å gjennomføre og følgje opp tiltak med både trusselutsette, trusselutøvar, interne eller eksterne samarbeidsaktørar. Som førebyggjande risikoanalytikar vil du vere ein fagleg pådrivar for førebygging av vald i nære relasjonar. Det er nødvendig å tileigne seg god kunnskap om aktuelt instruksverk og rutineskildringar i stillinga. Det vil bli lagt stor vekt på at ein er personleg eigna, motivert, at ein har gode kommunikasjonsferdigheiter og at ein har relevant erfaring. Arbeidsoppgåver utføre strukturerte risikovurderingar og førebyggjande tiltak i saker som omhandlar partnar- og æresrelatert vald ved bruk av dei ulike risikovurderingsverktøya koordinere og leie vurderingsmøter oppfølging av valdsutsette og valdsutøvar og samhandlande aktørar samarbeid med etterforskarar/juristar i saker som omhandlar vald i nære relasjonar gi rettleiing og bidra til å auke kunnskapen i organisasjonen og tverrfaglege samarbeidsaktørar det kan bli aktuelt med operativ førebyggjande teneste om ønskeleg etter avtale med leiar (krev min. IP4 godkjenning) andre oppgåver må påreknast Kvalifikasjonar Dette må du ha for å vere kvalifisert fullført og bestått Politi(høg)skulen arbeidserfaring frå relevante fagfelt erfaring med tverretatleg samarbeid god munnleg og skriftleg formidlings- og kommunikasjonsevne plettfri vandel og vere skikka for tjeneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven §41. Ved søknad på stillinga må du pårekne at det blir henta inn opplysingar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga. Det er også ønskjeleg med vidareutdanning og/eller erfaring innan førebygging, risikoanalyse, kulturforståing erfaring med saker som omhandlar vald i nære relasjonar og/eller æresrelatert vald god kjennskap til relevante samarbeidsaktørar og forståing for lovmessige moglegheiter og avgrensingar Personlege eigenskapar robust, med dette mener vi at du må tåle å stå i tøffe psykiske belastninger analytisk med evne til å jobbe strukturert og systematisk heilskapsorientert med gode samarbeidsevner både internt og eksternt løysingsorientert og evner å ta raske avgjerder Motivasjon og personlege eigenskapar vil bli tillagt særleg vekt. Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her . Dette kan vi tilby om du vel oss ein utviklande og meiningsfull stilling for deg som ønskjer å førebyggje kriminalitet fast stilling som politibetjent 3/2/1 (SKO 1461/1459/1457) i Møre og Romsdal politidistrikt, avhengig av erfaring og kompetanse, jf. Kompetansekriteriene for politibetjenter. politibetjent 3 - brutto årslønn frå kr. 590 000 - kr. 640 000 politibetjent 2 - brutto årslønn frå kr. 535 000 - kr. 585 000 politibetjent 1 - brutto årslønn frå kr. 535 000 - kr. 560 000 for særskilt kvalifiserte kan noko høgare stillingskode og lønnsplassering bli vurdert ved andre tjenesteområde vert det gitt lønnsplassering etter gjeldande lønnsnivå for området godtgjersle etter gjeldande ATB på for tida kr. 44 708, og tillegg for eventuell turnusteneste medlemsskap i Statens pensjonskasse. Les meir om tilsettingsgode på spk.no/medlemskap-i-spk-. Det blir trekt to prosent frå lønna til innskot i Statens pensjonskasse. mogelegheit for trening i arbeidstida fordelar ved å tilhøyre ei IA-bedrift og tilknyting til bedriftshelseteneste Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar. Mangfald i politiet Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju. Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her . Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar. Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_Wc Slik søkjer du Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev.