Now hiring

Helsefagarbeider på avdeling Juvike @ ØYSTRE SLIDRE HELSETUN - INSTITUSJON

Norway (NO020)OnsiteContract
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil du vere med å utvikle eit sterkt fagmiljø i avdeling Juvike? Avdeling Juvike er organisert under institusjonstenester på Øystre Slidre helsetun og er ei avdeling for personar med demens. Institusjonstenestene består av 2 langtidsavdelingar, institusjonskjøken samt natt. På avdelinga er det helsefagarbeidarar, sjukepleiarar, vernepleier og assistentar, og vi samarbeider tett med andre avdelingar. Vi jobbar kvar dag for å gje gode tenester til alle brukarane våre. Vi held til i nye og moderne lokale på Øystre Slidre helsetun. Lokala ligg sentralt til på Heggenes, med flott utsikt over Heggefjorden og mot Jotunheimen. Vi ønskjer å vere ein naturleg del av nærmiljøet, og det er mange aktivitetar på Helsetunet. Velferdsteknologi er eit satsingsområde. Vi har eit vikariat som helsefagarbeider i 80% som er ledig frå no og eit vikariat i 90% som vil bli ledig frå haust 2026. Oppstart i stillingane kan avtalast nærare. Begge vikariata varer i ca 1 år. Vi håper du vil søke og ser fram til å høyre frå deg! Arbeidsoppgåver Gje tenester til brukarar etter enkeltvedtak og etter gjeldande styringsdokument Varierte arbeidsoppgåver som består av å gje helsehjelp og miljøarbeid Dokumentasjon i henhald til gjeldande lover, forskrifter og retningslinjer Samarbeid med andre yrkesgrupper innan helse og omsorg Kvalifikasjonar Fagbrev og autorisasjon som helsefagarbeider Det er ønskjeleg med vidareutdanning innan demensomsorg eller med erfaring frå arbeid innan fagfeltet Gode norskkunnskapar Det er krav om politiattest etter helse- og omsorgstjenesteloven §5-4 Personlege eigenskapar Positiv, sjølvstendig og gode kommunikasjons- og samarbeidsevner Fleksibel, tydeleg og løysningsorientert Engasjert og tek initiativ til forbedringsprosessar Gode haldninger til brukarar og ser verdien av nytekning innan kvardagsmestring, miljøarbeid og velferdsteknologi Personleg eignaheit vil bli vektlagt Vi tilbyr Engasjerte og fagleg dyktige medarbeidarar 2-delt turnus med kvar 3. helg eller langvakter kvar 4.helg Nødvendig opplæring og rettleiing Kompetanseheving Opplæring i fagsystem Tilrettelegging for vidareutdanning dersom rette søker melder seg i ansettelsesprosessen. Utdannning kan kombinerast med jobb Gode forsikrings- og pensjonsvilkår i KLP KontaktinformasjonIngrid Nordli, Tenesteleiar institusjonstenester, +47 95940309 Anne Bråthen, Avdelingsleiar, 91993201 ArbeidsstadBygdinvegen 1989 2940 HEGGENES Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommune Referansenr.: 5149762401 Stillingsprosent: 80% Vikar Søknadsfrist: 12.07.2026 Om arbeidsgiveren: Nasjonalparkkommunen Øystre Slidre ligg ved inngangsporten til Jotunheimen, med Beitostølen som et naturleg utgangspunkt. Vegen er kort til toppturar både sommar og vinter. Friluftsliv, jakt, fiske og stølsliv er viktig i kommunen. Du finn mellom anna deler av Langsua nasjonalpark, eit stort turløypenett og milevis med skiløyper i heile kommunen. På Valdresflye varar skisesongen lenge. Velkommen til rein naturglede! Reiseliv og jordbruk er blant dei største næringane, og det finst spanande arbeidsplassar innan fleire bransjar.Øystre Slidre har dei siste åra hatt vekst i folketallet. Øystre Slidre kommune skal tilby gode tenester til innbyggarar og tilreisande i alle aldersgrupper. Nytt og moderne helsetun stod ferdig i 2021. Eit rikt kulturtilbod, eit godt tilbod til barn og unge og ein unik dugnadsånd er med på å gjere kommunen til ein attraktivt stad å bu. Gode handelstilbod finn ein både i kommunen og rundt regionsenteret Fagernes. Vil du vite meir om Valdres? Vi har unik natur, kultur og er ein attraktiv region, sentralt i Norge. Les meir på valdres.no .

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores